Ein god sesong over

Ein tur med Restauration er ein ny måte å oppleva utvandringshistoria på. Her får du oppleva sjøen på nært hald, du får servert mat frå forgangne tider, og du får høyra histora om dei som reiste over havet for å starta eit nytt liv.

Sesongen 2012 er nå over. Me ser tilbake på over 50 turar med Restauration – ein fin framgang frå 2011. Me vonar på endå fleire turar neste år. Dette året har skuta vore på langtur – i slutten av juli sigla me til Risør for å vera med på trebåtfestivalen der. På Stord har me også vore. I tillegg deltok me på Gladmaten og Tomatfestivalen. Mange turar med Finnøy har det også blitt.



made by vagemm.no