Bestill tur

Restauration sin sesong er frå april til oktober. Me har base på Finnøy, og turane går frå Judaberg i utgongspunktet. Det er mogeleg å gå frå andre stader også – men skuta treng ein kai som er stor nok.

Ein standardtur med Restauration varer i 3 timar. Om bord får du høyre forteljinga om dei som reiste over, du kan få servert vår utvandrarmeny, og du får vera med på å segla – dersom det bles.

For ein prat om opplegget og tilbod, ta kontakt med Svanhild Eggebø Spanne på mail svanhild@ryfylkelivsgnist.no  eller telefon 907 73 796



made by vagemm.no