Forsoningens torg
Laurdag 20. oktober deltek Restauration på arrangementet “Forsoningens torg” i Stavanger. Det er Amnesty som står bak arrangementet. Amnesty har TV-aksjon søndag 21. oktober. Les meir her.
> Sjå fleire nyheiter i arkivet
Desse er med i styret i stiftelsen:
Egil Nylund – styreleiar
Opprinneleg rennesøybu – men bur i Sandnes. Båtmann av rang. Store deler av det yrkesaktive livet hans har til no gått med til det maritime. Stavangerske – eller eit av selskapa der Stavangerske har vore involvert – har vore hovudaktivitør. Han driv og med kursing av sjøfolk – på sin eigen båt.
Arne Nordbø
Finnøybu. Utdanna elektrikar og lærar – men driv for det aller meste med underhaldning og anna utadretta verksemd. Ein av hovudiniativtakarane bak Restauration. Ein meister til å skapa begeistring og optimisme – på trass av at han sjølv omtalar seg som ein ganske så pessimistisk kar. Det er det ikkje så mange som trur på.
Gunleif Seldal
Busett i Klepp kommune. Ingeniørutdanning innan mekaniske disiplinar, med brei internasjonal erfaring frå offshorerelatert oljeverksemd. I dag er han deltidskonsulent innan området. På fritida er han svært glad i å fordjupa seg i tidleg utvandarhistorie.
Jørn Magne Flesjå
Finnøybu. Jørn starta Ryfylke Trebåtbyggjeri i 1993, og er med si store interesse for trebåtar og maritim historie ein viktig person å ha med i styret. Og så må me heller ikkje gløyma at det er han som – saman med dei tilsette på båtbyggjeriet – faktisk har laga Restauration.
Jorunn Strand Vestbø
Finnøybu sidan 1974, då ho flytta hit frå Tau. 16 år som ordførar. Før det var ho lærar. Er utdanna innan historie, sosiologi og engelsk ved Universitetet i Oslo. Som svært interessert i kultur og histore, ser Jorunn på Restauration-prosjektet som svært spanande og viktig.
Vidar Aarhus
Opprinneleg frå Hardanger, men har budd i Tysvær i mange år. Har vore rektor og skulemann, etter at han blei pensjonist har han i stor grad via tida si til lokal-historie. Sit også i styret til Norsk utvandrarsenter. Ein mann med god greie på utvandrarhistorie.
Per Inge Bøe
Bur i Stavanger, og er tilsett ved Norsk utvandrarsenter. Per Inge har master i historie frå Universitetet i Trondheim, der han konsentrerte seg om utvandring frå Norge til Amerika. Har eit brennande engasjement for kontakt mellom dei to landa, og vonar at Restauration kan vera eit verktøy som kan brukast til dette.
Ryfylke Livsgnist
Finnøy næringshage
4160 FINNØY
Kåre Vignes: 414 55 635
Tor Øyvind Skeiseid: 982 06 333
made by vagemm.no